Tysdag 12. januar klokka 19.30

Casablanca
Regi: Michael Curtiz (USA 1942) 1t 42min
”Casablanca” er eit høgdepunkt i Hollywood si historie. Filmen tek opp den umoglege kjærleiken, og er for mange sjølve Kjærleikshistoria. Marokko vert scene for eit trekantdrama mellom Rick, hans tidligare elskarinne Ilsa og hennar mann Victor. Humphrey Boghart og Ingrid Bergmann spelar hovudrollene i ein av dei mest populære filmane gjennom historia.
Tysdag 26. januar klokka 19.30
De ufrivillige
Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min
”De ufrivillige” er ein vev av fleire ulike forteljingar, der menneska ufriviljug hamnar i vanskelege situasjonar. Episodane er nådelaust men humoristisk skildra, noko som gjer filmen sår og morosam same tid. Då filmen kom, vart han rosa av dei fleste kritikarane og vann fleire prisar på dei europeiske filmfestivalane.
Tysdag 9.februar klokka 19.30
Burma VJ
Regi: Anders Østergaard (Noreg/Danmark 2008) 1t 29min
I eit av verdas mest lukka samfunn vel eit knippe menneske å risikera liva sine for å fortelje omverda sanninga om kva som skjer i heimlandet deira. Med handhalde kamera filmar dei demonstrasjonar, munkeopprør og maktmisbruk. Dokumentaren fortel historia om videojournalistane, som spela ei viktig rolle under folkeopprøret i Burma i 2007.
Tysdag 23. februar klokka 19.30
Blue Velvet
Regi: David Lynch (USA 1986) 2t
Ein av 80-talets mest kontroversielle filmar. ”Blue Velvet” opnar med ein nermast kitsch-aktig idyllisering av det amerikanske 50-talet: eit kvitt stakittgjerde mot ein blå himmel; nokre unaturlege, raude tulipanar; ein brannbil med vinkande brannmenn. Men idyll og orden er berre ein illusjon, under overflata er alt kaotisk og destruktivt.
Tysdag 9. mars klokka 19.30

Le Mépris
Regi: Jean-Luc Godard (Frankrike/Italia 1963) 1t 43min
”Le Mepris” skildrar ei filminnspeling av Odyssen med Fritz Lang(som spelar seg sjølv) som regissør. Intrigar og konfliktar pregar innspelinga på den italienske øya Capri. Forakta (le mepris), som tittelen viser til, vert ofte tolka som ei forakt for den kommersielle filmindustrien. I det kapitalistiske samfunnet har ikkje kunstnaren andre moglegheiter enn å vera ein aktør på marknaden. Filmen vert rekna som ei av dei viktigaste i etterkrigstida.
Tysdag 23. mars klokka 19.30

Briller
Regi: Naoko Ogigami (Japan 2007) 1t 46min
Drøymer du om ei pause frå røyndomen? Len deg tilbake i kinosetet og sjå verda gjennom ”Briller”. Ein universitetsprofessor reiser til dei subtropiske øyene Okinawa, sør for Japan for å gøyme seg vekk frå samfunnet, men ferien vert ikkje heilt som forventa. ”Briller” er ein stillferdig, vakker og ikkje minst morosam film.
Tysdag 6. april klokka 19.30

Se meg
Regi: Agnès Jaoui (Frankrike 2004) 1t 51min
Lolita er smålubben og utrygg på seg sjølv. Ho vert ikkje sett av faren, som er ein kjend og sjølvsikker forfattar. Som fleire av Jaouis filmar handlar ”Se meg” om korleis ein føreheld seg til andre menneske ut frå kva for posisjon ein har i samfunnet, og om kor lett vi set andre menneske i bås. Filmen har vunne tre manusprisar, mellom anna i Cannes.
Tysdag 20.april klokka 19.30

Lornas stillhet
Regi: Luc og Jean-Pierre Dardenne (Belgia 2008) 1t 45min
Lorna er ei ung jente frå Albania på leiting etter lukka i Vest-Europa. Ho vert gift med ein junkie for å skaffe seg dei naudsynte papira. Men miljøet hennar ynskjer ektemannen død, slik at Lorna kan verta ei vare, som kan seljast til andre papirlause innvandrarar. Dardenne-brødrene har skapt ei intim historie knytta til dei store spørsmåla i vår eiga tid.
Tysdag 4. mai klokka 19.30

Yes
Regi: Sally Potter (USA/Storbritannia 2004) 1t 40min
Yes skildrar ei lidenskapeleg kjærleiksaffære. ”Ho” kjem frå USA, ”han” frå Midt-Austen. Forholdet deira kjem til å verte prega av vår tids store konfliktar – dei relgiøse, dei politiske og dei seksuelle. ”Ho” forlet ektemannen sin, og legg ut på ei reise saman med ”han” frå London og Belfast til Beirut og Havana.
http://www.poetix.net/yes.htm
Citisen Kane
film text