Cold mailman - Time is of the essence from André Chocron on Vimeo.

Kortfilmer frå Grimstad 2012  98 min.

Kvam filmklubb avsluttar sesongen med dei 9 beste kortfilmane frå Kortfilmfestivalen i Grimstad 2012, fem av dei laga av kvinner. Filmane er Det norske språk (Even Hafnor), Å åpne, å se (Camilla Figenschou), Fra tyggegummiens historie (Anja Breien), Små episoder (Marte Vold), Joyride (Shaun Higton), Daemonium (Christer Steffensen), Og leken er god (Vibeke Heide), First cut (Tallulah H. Schwab) og Time is of the Essence(Andre Chocron).

Gullstolen for beste norske kortfilm gikk til "Og leken er god" av Vibeke Heide. Gullstolen for beste norske dokumentar gikk til Gulabi Gang av Nishtha Jain. Gullstolen for beste internasjonale kortfilm gikk til den bosniske filmen Baggage av Danis Tanovic. Beste musikkvideo ble Cold Mailman - Time is of Essence av André Chocron. Totalt 106 filmer konkurrerte om prisene som ble delt ut under kveldens seremoni i Grimstad Kulturhus.

 

GULLSTOLEN for beste norske kortfilm gikk til "Og leken er god" regissert av Vibeke Heide.

Juryen sier følgende om vinneren: Gullstolen for beste norske kortfilm 2012 går til en film som på en presis og overbevisende måte skildrer nyanser av stolthet og sårbarhet hos barn og unge. Her finnes hjerteskjærende øyeblikk som lever videre lenge etter filmens siste bilde. Gjennom tre kapitler viser filmen hvordan psykologiske mønstre følger oss gjennom ulike stadier av oppvekst. Regissøren er konsekvent i sin tillit til at enkle situasjoner og virkemidler kan skape sterke følelser hos publikum.

Klipp frå filmen - sjå her (quicktime)

Hederlige omtaler i form av diplom gikk til: Ord etter Even av Kristine Gausereide Jacobsen og Allfader av Fredrik S. Hana.



{youtube:

520 320}

Regi: Maïwenn (Frankrike 2011) 2t. 5min.

Korleis er kvardagen for dei tilsette på barnevernsavsnittet ved Paris-politiet? Vi følgjer dei gjennom 2 timar på jobb og privat. Vi får sjå den sterke solidariteten og den makabre humoren mellom dei tilsette, og vert kjend med frustrasjonen over stadig å verta nedprioritert. Sakene dei jobbar med er ikkje like “viktige” som dei som omhandlar vaksne kriminelle og drap. Filmen vart ein publikumssuksess i Frankrike og vann pris for beste film under Filmfest Oslo.


{youtube:

500 320}

Regi: Lone Scherfig (Storbritannia 2009)  1t. 41min.

Korleis er det å vere 16 år i 1961 med drøymer om framtida, med ambisjonar, og så hender det noko som endrar alt. Jenny siktar mot Oxford når ho møter David som er urban og vittig, men og langt eldre enn ho. Hovudrolleinnhavar Carey Mulligan har hausta uvanleg mykje ros for det usedvanlege nærværet og den djuptloddande tolkinga. Manus er skrive av Nick Hornby. Replikkane er vittige og dei britiske skodespelarane briljerer.



{youtube:

520 320}

Regi: Sara Johnsen (Noreg 2012) 1t. 45min.

Sara Johnsen har fått mykje merksemd for filmane sine og vert kalla ein ekte auteur med eit klart personleg uttrykk. Spørsmålet om kva som er skyld og kva som er uskyld går att  i filmane, som elles verkar ganske ulike. Hennar siste film Uskyld opnar med ein kanopadlar som finn ei forkommen kvinne og to døde menn i skogen. Filmen handlar om desse tre menneska, kven dei var og kva dei lengta etter.



{youtube:

520 320}

Regi: Vibeke Løkkeberg (Noreg 2010)  1t. 23 min.

Etter Israels dramatiske bombing av Gaza vinteren 2008/2009, blei det samla inn eit stort bildemateriell tatt av folket sjølv medan krigen pågjekk. Dette har Vibeke Løkkeberg brukt i dokumentarfilmen ”Gazas Tårer”. Me få m.a. forteljingane frå tre barn som opplevde å få familiane sine utraderte, samtidig som dei var vitne til traumatiserande drap og lemlestingar. Slik er denne filmen eit rasande rop om at denne type gjengjeldingsaksjonar ikkje kan aksepterast av verdssamfunnet.


Min Søster - 29. januar

Regi: Ursula Meier (Frankrike/Sveits 2012)  1t. 33min.

Dette er fjorårets Sølvbjørn-vinnar og har særleg merka seg på grunn av dei unge skodespelarane sine prestasjonar. Filmen tek for seg forholdet mellom fjell og dal, fattig og rik, og bror og syster. Syskenparet Simon og Louise må klare seg sjølve, og 12 år gamle Simon tener på sal av stole skiutstyr, medan storesystra går frå jobb til jobb og kjærast til kjærast, og vert meir og meir avhengig av vetlebroren.

sjå trailer 2 her


{youtube:

520 370}

Regi:Linda Hattendorf (USA 2006)

Jimmy Mirikitani er ein eldre heimlaus japansk amerikansk kunstnar i New York. Han teiknar fargerike kattar, men og interneringsleirar og atombomber er motiv. Filmskaperen Hattendorf legg merke til han og byrjar å dokumentere møta deira. Etter 11. september 2001 inviterer ho han til å bu hos seg og eit spesielt vennskap vert utvikla og vi får innblikk i den dramatiske forhistoria hans.Dette er ein gripande film som utan å bli sentimental seier noko om den læekjande kraften som ligg i vennskap og kunst.

Regi: Anja Breien (Norge: 1975) 1t 23min
Ein herleg frigjerande film om husmødrer som lar oppvasken stå og går på byen. Filmen kom i kvinneåret 1975 og har ein klar feministisk bodskap, men står og att som eit høgdepunkt innan fornsk filmhistorie. Detter er norsk komedie på sitt beste. Filmen er den fyrste i ein trilogi om dei tre kvinnene Mie, Heidrun og Kaja. Med Katja Medbøe, Anne Marie Ottersen og Frøydis Armand i rollene.