Home
Meny
Log In
Username

Password

Remember Me


Forums
Forsida

Velkomen

Tysdag 21. sept. kl 19.30
Film:Fitzcarraldo
Fitzcarraldo
Regi: Werner Herzog (Peru/Vest-Tyskland 1982) 2t 37min
Engelsk og tysk tale, norske undertekstar

Forteljinga om ein mann og draumane hans. Operaelskaren Fitzcarraldo drøymer om å byggje ein opera midt i jungelen i Peru, på ein stad busett av ville heidningar, feite gummikapitalistar og ein svart gris. Med seg på laget har han berre bordellmamma Molly. For å gjennomføre planen, må han tene masse pengar, overvinne indianarstammer og frakte eit dampskip over fjellet, augneblink Herzog har omdanna til storslagne og imponerande bilete for lerretet. Filmen har Klaus Kinski og Claudia Cardinale i hovudrollene.







OBS - noe nytt
Vi har valgt å dela haustens program i to pga situasjonen med kinoen og digitaliseringa. I september og oktober viser vi kun 35mm i kinoen(kan jo vera siste gong dette vert moglig.) Her blir det fleire klassikarar og eit par nyare filmar. I november og desember legg vi ut på turne med norske klassikarar, med unntak av ein svensk forfilm.

Kvam filmklubb er for kvinner og menn, unge og gamle, kvemmingar og tilflyttarar med det til felles at dei er glade i god film, og at dei ynskjer fleire gode filmar til Kvam - nye filmar så vel som klassikarar. Filmklubben held til i Kvam kino, Norheimsund, og viser film annankvar tysdag kl 19.30. Dørene opnar kl 19.00 og me har filmkafe før og etter filmen.

Klubben er tilslutta Norsk filmklubbforbund.

OBS!! NYTT Medlemskap kostar 100 kroner pr.semester, då betalar ein 30 kroner for kvar film ein ser. A-medlemskap kostar 250 kroner pr. semester
(sjå alle filmar gratis).

Me håpar på mange gode filmopplevingar i Kvam!

Theme by Madrone/ Copyright- Kvam filmklubb
Site powered by phpWebSite © Appalachian State University