Tysdag 07. sept. kl 19.30

Voltaires skyld
Regi: Abdel Kechiche (Frankrike 2000) 2t 10min
Fransk tale, engelske undertekstar
Som arabisk innvandrar i Paris opplever 27 år gamle Jallel Vesten frå ei anna side enn den vi kjenner. Han drøymer om det gode liv, men tilveret i den franske hovudstaden handlar om herberg, venterom og immigrasjonskontor. Men det er òg møte med andre menneske, andre utstøtte. Filmen portretterar personar som ikkje like ofte slepp til på lerretet, illegale innvandrarar, heimlause og mentalt sjuke på ein varm, humoristisk og sår måte. Det er ei historie om kjærleik, feigskap og solidaritet i ei samfunnskritisk ramme.
Sjå "trailer" på youtube:
Klikk her for filmklipp.
OBS - noe nytt
Vi har valgt å dela haustens program i to pga situasjonen med kinoen og digitaliseringa. I september og oktober viser vi kun 35mm i kinoen(kan jo vera siste gong dette vert moglig.) Her blir det fleire klassikarar og eit par nyare filmar. I november og desember legg vi ut på turne med norske klassikarar, med unntak av ein svensk forfilm.
Kvam filmklubb er for kvinner og menn, unge og gamle, kvemmingar og tilflyttarar med det til felles at dei er glade i god film, og at dei ynskjer fleire gode filmar til Kvam - nye filmar så vel som klassikarar. Filmklubben held til i Kvam kino, Norheimsund, og viser film annankvar tysdag kl 19.30. Dørene opnar kl 19.00 og me har filmkafe før og etter filmen.
Klubben er tilslutta
Norsk filmklubbforbund.
OBS!! NYTT Medlemskap kostar 100 kroner pr.semester, då betalar ein 30 kroner for kvar film ein ser. A-medlemskap kostar 250 kroner pr. semester
(sjå alle filmar gratis).
Me håpar på mange gode filmopplevingar i Kvam!