09. desember kl 19.30

{youtube:

580 320}

Regi: Aki Kaurismäki (Finland / Frankrike 2011) 1 t. 33 min. 

Kaurismäkis nye hjartevarmar. Den finske kultregissøren er nemleg tilbake med ein film full av varme, humor og regissøren sin særeigne stil. Den vann då og publikum sine  hjarte på filmfestivalen i Cannes. ”LE HAVRE” er ein hyllest til franske filmar frå ei svunnen tid, men også et håpefullt og aktuelt humanistisk verk.


02. september kl 19.30

Regi: Kjell-Åke Andersson (Svensk 2013) 1 t. 49 min. 

Då Lisa er fire år, forlet mora heimen. Ho veks opp med pappa Hasse som ho elskar utan atterhald. I åra som går, kjempar ho for å halda fast ved heilskapsbildet av den stadig meir alkoholiserte faren sin. Til slutt vert ho  stilt ovafor eit avgjerande val. Ei gripande, varm og sorgmunter oppvekstforteljing frå Sverige på 70-talet. Først og fremst ei sterk historie om eit far-dotter-forhold utanom det vanlege, men òg eit portrett av det svenske sosialdemokratiet og tiåret som markerte vendepunktet for det svenske "folkhemmet".


25. november kl 19.30

{youtube:

580 380}

Regi: Jim Jarmusch  (USA 2013) 2 t. 02 min. 

Vi møter to eldgamle vampyrar som etter hundrevis av år på vandring, begynner å keia seg ein smule. Samstundes har dei utvikla ein eklektisk nase for kunst, og elskar kvarandre djupt og inderleg.
 Viss du håpar på flekking av vampyrtenner og blodfest, vil du kanskje bli skuffa. I staden får du oppleva filmhistoria sitt avgjort mest interessante og originale vampyrpar, Adam og Eva, spelt av Tom Hiddleston og Tilda Swinton.



14. oktober kl 19.30

{youtube:

580 320}

Regi: Anna Odell (Svensk 2013) 1 t. 29 min. 

Under ei gjenforeining for ungdomsskolen reiser Anna seg og fortel om korleis ho opplevde skoletida. Historia om ni år med mobbing og utestenging vekkjer først sympati, men når Anna fortset å konfrontera sine tidlegare klassekameratar, veks irritasjonen.  Regissør og kunstnar Anna Odell blei ikkje invitert då skoleklassen hennar skulle feira 20 års-jubileet sitt. I filmen prøver ho å førestilla seg kva det var dei tidlegare medelevane frykta ville skje om ho hadde kome på festen.

11. november kl 19.30

{youtube:

580 320}

Regi: Haaifa Al Mansour (Tsjad 2011) 1 t. 32 min. 

Den tidlegare svømmestjerna Adam og sonen Abdel har begge jobb ved det elegante hotellet i byen. Adam har ansvaret for svømmebassenget der sonen aktiviserer gjestene med populære leikar og treningsopplegg. Adam er stolt av jobben sin og passar bassenget med bestemt og kjærleg hand. Han har fin uniform og status. Men hotellet har økonomiske problem og må seia opp folk. Valet står brått mellom far og son. Tsjad er eit land på randa av borgarkrig, og styresmaktene krev at alle bidrar, enten med pengar eller med muskelkraft. Adam har ingen pengar, men han har ein son. 


30. september kl 19.30

{youtube:

580 320}

Regi: Tim Burton (USA 2003) 1 t. 44 min. 

Edward Bloom er ei levande legende og mysterium. I alle fall blant dei som kjenner han. Sonen hans, William, har heile livet vakse opp med tallause  fantastiske og høgst usannsynlege historier om faren sine opplevingar og eventyr. Då Edward no ligg for døden, kjem William og kona hans, Josephine, for å vera saman med han. Williams største ønske før faren døyr er å få læra han å kjenna, noko han føler han aldri har fått sjansen til. Han vil vita kven Edward Bloom er  og har vore - utan å få høyra alskens eventyrhistorier han veit ikkje er sanne. Eller kan det vera ein kjerne av sanning i dei likevel?


28. oktober kl 19.30

{youtube:

580 380}

Regi: Pawel Pawlikowski (Polsk 2013) 1 t. 22 min. 

Anna mistar begge foreldra under andre verdskrig og veks opp i eit kloster i Polen. Som ung novise er ho i byrjinga av 1960-talet klar til å avleggja klosterløfta, men først må ho oppsøkja den siste gjenlevande slektningen sin. Den seksuelt frilynde og frittalande tanta, Wanda,  snur opp ned på livet hennar. Familieløyndommar vert avslørte, og Anna og Wanda drar på ei reise for å finna sanninga om familien sin lagnad under krigen.

Filmen er i glødande svart-kvitt med utsøkte og nydelege bilde-komposisjonar. Filmen tar opp eit kontroversielt tema i Polen: Forholdet mellom katolikkar og jødar under andre verdskrig. Den store historia og det heilt personlege vert sett saman til ein poetisk og vakker film om å setja trua si på prøve.


16. september kl 19.30

{youtube:

580 320}

Regi: Paulo Sorrentino (Italia 2013) 2 t. 22 min. 

”Den store Skjønnheten” kunne berre ha vore laga i Roma. Regissør Paulo Sorrentino har laga eit poetisk fyrverkeri av ein film, som er vidunderleg fotografert, imponerande spelt og stilsikkert regissert.
Nokre av dei store spørsmåla i livet står i fokus, i ein spel levande film som kjærteiknar sansane med italiensk lynne og romersk kultur. Dette er eit stort høgdepunkt for kontinentale filmelskarar!