{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=nV04zyfLyN4 580 320}
20. januar kl 19.30
Regi: Kip Andersen, Keegan Kuhn (USA 2014) 1 t. 31 min.
Dokumentaren har ein kontroversiell bodskap om moderne kjøttproduksjon som bidreg særs negativt til dagens alvorlege miljøproblem. Andersen tek oss med på si eiga reise som ihuga miljøaktivist frå han var berre gutungen. Frå sin eigen kvardagsaktivisme undersøker han nærare kva som styrer miljøorganisasjonane sine val av kva saker som får merksemd, og kvifor. Anderson sin film er ein spanande personleg odyssé, kor både jorda, dyra, menneske og miljø speler sentrale roller.