Gazas tårer

{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=3r6znTGbVlE 520 320}

Regi: Vibeke Løkkeberg (Noreg 2010)  1t. 23 min.

Etter Israels dramatiske bombing av Gaza vinteren 2008/2009, blei det samla inn eit stort bildemateriell tatt av folket sjølv medan krigen pågjekk. Dette har Vibeke Løkkeberg brukt i dokumentarfilmen ”Gazas Tårer”. Me få m.a. forteljingane frå tre barn som opplevde å få familiane sine utraderte, samtidig som dei var vitne til traumatiserande drap og lemlestingar. Slik er denne filmen eit rasande rop om at denne type gjengjeldingsaksjonar ikkje kan aksepterast av verdssamfunnet.