Jakten

{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=sL1Xntr9ADQ 450 320}

 

Regi: Erik Løchen (Noreg 1959) 1 t 34 min

”Jakten” (1959) var Erik Løchens debut som spelfilmregissør. Den innvarsla
ein ny type film i Noreg inspirert av den franske nye bølgja innan fri
forteljeteknikk som starta i same periode med regissørar som Francois Traffaut
og Jean-Luc Godard.
Overrasakande klipping, lekker naturfotografering og framandgjerningseffektar,
som t.d. å la skodespelarane og ein voice-over venda seg direkte til publikum
og kommentera handlinga, pregar filmen. Slik får han samstundes ein snev av
nyhendereportasje.

Historeia er ordinær nok: Den rullar opp eit trekantdrama om to menn som har
lyst på den same kvinna. Vi følgjer dei nokre dagar på rypejakt, ei jakt som
endar brutalt. Eller – gjer ho det?

Med ansvar for regi, manus, klipp og jazzmusikk i filmen leikar Løchen seg
med publikum sine foreventningsr om kva ei filmhistorie skal ha i seg. ”Jakten”
er tvillaust eitt av hovudverka innan norsk filmmodernisme. Pressa her heime
meinte filmen var prisverdig dristig og medviten formeksperimentell. Den blei
då òg tatt ut til hovudkonkurransen i Cannes i 1960.