Big Fish

30. september kl 19.30

{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=M3YVTgTl-F0 580 320}

Regi: Tim Burton (USA 2003) 1 t. 44 min. 

Edward Bloom er ei levande legende og mysterium. I alle fall blant dei som kjenner han. Sonen hans, William, har heile livet vakse opp med tallause  fantastiske og høgst usannsynlege historier om faren sine opplevingar og eventyr. Då Edward no ligg for døden, kjem William og kona hans, Josephine, for å vera saman med han. Williams største ønske før faren døyr er å få læra han å kjenna, noko han føler han aldri har fått sjansen til. Han vil vita kven Edward Bloom er  og har vore – utan å få høyra alskens eventyrhistorier han veit ikkje er sanne. Eller kan det vera ein kjerne av sanning i dei likevel?