{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=jpawdA34HNk 580 320}
Leviathan
Tysdag 09. februar kl 19.30
Regi: Andrey Zvyagintsevs (Russisk 2014) 2 t. 21 min.
« Gripande drama om harde kår, harde karar og hardcore liv i eit russisk småbysamfunn mot nord. Tydeleg, men ikkje påtrengjande symbolikk fargar det bleike, klare lerretet.» (Brit Aksnes i Dag og Tid). Leviathan er eit meisterverk frå Russland som smart og opprørande fortel om korrupsjon og maktmisbruk i eit av dei næraste nabolanda våre. Filmen/regissøren fekk manusprisen under filmfestivalen i Cannes, Golden Globe for beste framandspråklege film og er Oscar-nominert i same kategori.