Meg Eier Ingen

02. september kl 19.30

Regi: Kjell-Åke Andersson (Svensk 2013) 1 t. 49 min. 

Då Lisa er fire år, forlet mora heimen. Ho veks opp med pappa Hasse som ho elskar utan atterhald. I åra som går, kjempar ho for å halda fast ved heilskapsbildet av den stadig meir alkoholiserte faren sin. Til slutt vert ho  stilt ovafor eit avgjerande val. Ei gripande, varm og sorgmunter oppvekstforteljing frå Sverige på 70-talet. Først og fremst ei sterk historie om eit far-dotter-forhold utanom det vanlege, men òg eit portrett av det svenske sosialdemokratiet og tiåret som markerte vendepunktet for det svenske «folkhemmet».