14. okt. 19.30 2t. 25min. Drama/Indie USA 1984
Regi: Wim Wenders
Ein dresskledd mann vandrar standhaftig gjennom eit enormt og karrig fjellandskap i Texas. Tonane frå slidegitaren til Ry Cooder fortel at han ber på ei sorg. Her finn vi mange av temaa Wim Wenders har vore oppteken av gjennom karrieren sin. Filmen vann Gullpalmen då han kom ut, og blir i dag rekna som ein moderne klassikar.