Taxi Teheran

{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=eM2tblIkL4g 580 320}

Taxi Teheran

Tysdag 15. mars kl 19.30

Regi: Jafar Panahi (Iran 2015) 1 t. 22 min.
I filmen spelar regissøren med yrkesforbod seg sjølv som taxisjåfør, med kamera på dashbordet. Vi får eit møte med passasjerane og situasjonen deira. Denne fragmenterte forteljinga blir som ein serie kortfilmar med referanse til regissøren Panahi sine tidlegare filmar. Tonen i filmen vekslar mellom lett komedie og blodig alvor. I starten kan ein bli lurt til å tru at det er ein slags dokumentar, men alt er altså iscenesett. Panahis bodskap kjem sakte snikande opp til overflata.Filmen er underfundig, interessant, elegant løyst, hjerteskjærande sår og djupt menneskeleg.Ta deg ein tur i drosjen til Jafar Panahi, og opplev Teheran i dag!