Oslo 31. august

{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=gz2g0F9yl5o 450 320}

 

Tittel: Oslo 31. august
Regi: Joachim Trier (Noreg 2011) 1 t 34 min
Tysdag 4. september klokka 19.30

Oslo 31. august vert rekna som eit høgdepunkt innan norsk film dei siste
åra. Filmen er sett til Oslo den 31. august. Hovudpersonen Anders (Anders
Danielsen Lie) er i ferd med å avslutte narkotikarehabilitering på landsbygda
og har fått permisjon for å gå på jobbintervju i heimbyen. Han nyttar høvet til å
vandre rundt i Oslo-gatene, og treffer gamle kjende. Gjennom eit døgn kjem me
tett på Anders sitt søk etter ei meining i tilværet. Han meiner han har kasta bort
alle sjansar for å lukkast med noko og svikta dei han er glad i. Att står ei kjensle
av djup isolasjon.
Filmen er regissert av Joachim Trier, som tidligare har laga Reprise
(2007). Både Reprise og Oslo 31. august fekk filmkritikarprisen. I juryen si
grunngjeving for sistnemnde stod det: «Det er en film som virkelig skiller seg ut
og plasserer seg i en klasse for seg selv. (…) Filmen forteller en lavmælt, men
voldsom historie om å være fanget av egne forventninger, gjennom én persons
mørke blikk. Det er rørende og opprørende, men aldri sentimentalt.» Juryen
framheva òg korleis filmen skildrar byen Oslo med ein genuin kjærleik ein
sjeldan ser.
Trier er barneborn av regissør Erik Løchen, som mellom anna er kjend for
Jakten (1959), som vert vist i filmklubben seinare i haust.