{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=mSYHSx6xwF0 520 320}
Regi: Sara Johnsen (Noreg 2012) 1t. 45min.
Sara Johnsen har fått mykje merksemd for filmane sine og vert kalla ein ekte auteur med eit klart personleg uttrykk. Spørsmålet om kva som er skyld og kva som er uskyld går att i filmane, som elles verkar ganske ulike. Hennar siste film Uskyld opnar med ein kanopadlar som finn ei forkommen kvinne og to døde menn i skogen. Filmen handlar om desse tre menneska, kven dei var og kva dei lengta etter.