{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=PtNM-6FqtCM 520 370}
Regi:Linda Hattendorf (USA 2006)
Jimmy Mirikitani er ein eldre heimlaus japansk amerikansk kunstnar i New York. Han teiknar
fargerike kattar, men og interneringsleirar og atombomber er motiv. Filmskaperen Hattendorf legg merke til han og byrjar å dokumentere møta deira. Etter 11. september 2001 inviterer ho han til å bu hos seg og eit spesielt vennskap vert utvikla og vi får innblikk i den dramatiske forhistoria hans.Dette er ein gripande film som utan å bli sentimental seier noko om den læekjande kraften som ligg i vennskap og kunst.