{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=lRu0aoZ0HWM 450 320}
Regi: Aleksei Fedorchenko (Russland 2010) 1 t. 18 min
Miron er direktør på papirfabrikken, der er og Aist tilsett. Då Miron si unge
kone Tanya døyr, ber han Aist om å hjelpa seg med å ta farvel med den døde,
slik ein brukar å gjera det i den gamle Merjakulturen.
Merjafolket skal ha vore eit gamalt finsk-ugrisk folk som levde i området der
elvane Volga og Kostroma flyt saman, sentralt i Vest-Russland. Merjakulturen,
slik han vert framstilt i denne filmen, er for lengst vorten assimilert inn i slavisk
og seinare russisk kultur. Historia i Spurvene byggjer på ei antaking om at det
gamle finsk-ugriske Merjafolket framleis eksisterer, at dei lever blant andre
russarar og kjenner kvarandre att ut frå tegn som ingen andre skjønar. På denne
måten skapar denne filmen eit ukjent rom midt inne i det som ser kjent ut. Om
alt som vert fortalt om Merjakulturen, er like sant, kan me stilla spørsmål om.
Fedorchenko sin forrige film var ein «mockumentary» om at russarane landa på
månen før amerikanarane. Alt tyder på at Spurvene er ein film som oppfordrar
oss til å sjå betre etter i den verda me trur me kjenner.
Merjafolket har ingen gudar, dei trur på kjærleik og vatn, vert det sagt i filmen.
Den døde Tanya skal difor brennast på ein nøye utvald stad, og oska hennar
skal spreiast i vatnet. Det tyder og at han som sto den døde nærast, skal fortelja
om Tanya, om dei mest intime opplevingar han hadde saman med henne, som
han aldri ville delt med andre medan ho framleis levde. Med det gjev Miron
og Aist seg ut på ei underleg reise, to vaksne menn i ein bil med ei død kvinne
pakka inn i eit ullpledd.
”Spurvene” er fotografert av Mikhail Krichman som tidlegare har jobba med
Andrei Zvyagintsev på filmane ”Tilbake” og ”Forvist”.