Polisse – reddende engler

{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=vtKDSxNBRWw 520 320}

Regi: Maïwenn (Frankrike 2011) 2t. 5min.

Korleis er kvardagen for dei tilsette på barnevernsavsnittet ved Paris-politiet? Vi følgjer dei gjennom 2 timar på jobb og privat. Vi får sjå den sterke solidariteten og den makabre humoren mellom dei tilsette, og vert kjend med frustrasjonen over stadig å verta nedprioritert. Sakene dei jobbar med er ikkje like “viktige” som dei som omhandlar vaksne kriminelle og drap. Filmen vart ein publikumssuksess i Frankrike og vann pris for beste film under Filmfest Oslo.