{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=WqMaeBtK9TA 450 320}
Regi: Noah Baumbach (USA 2012) 1 t. 26 min.
Frances Ha er forteljinga om ei 27 år gammal jente som bur i New York. Ho kastar seg ut i livet for å realisere draumar, men vert stadig konfrontert med røynda. Ho dansar utan å vere særleg god til å danse, har ikkje nokon stad å bu og har ei bestevenninne ho ikkje lenger snakkar med. Filmen er både morosam og rørande, og er ein nydeleg ode til New York i svart-kvitt.