{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=Gf2nZW0ssE8 450 320}
Ildfjell Tysdag 11. februar kl 19.30
Regi: Rúnar Rúnarsson (Island 2012) 1 t. 35 min.
Filmen skildrar siste akt av ei islandsk kjærleikshistorie. Hannes og Anna har levd saman i nærare 40 år. Hannes går av med pensjon og lever sitt eige liv på dagtid med eit nærmast ikkje-eksisterande forhold til sine eigne born og kona. Dramatiske hendingar endrar synet hans på til¬været og haldninga til dei næraste. Dette er eit nostalgisk og innsiktsfullt drama om alderdom og kva som gjer livet verdt å leve frå Islands kanskje mest spanande regissør.