{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=Jdw0dQwxukU 450 320}
Regi: Erik Poppe (Noreg, 2013) 1 t. 32 min
Rebecca er ein av verdas mest anerkjende krigs¬fotografar. I arbeidet med å skildra ein kvinne¬leg sjølvmordsbombar i Kabul, tek ho for store sjansar og vert alvorleg skada. Heime orkar ikkje lenger mannen og borna tanken på at ho stadig lever i livsfare. Ho må velje, familien eller jobben. Franske Juliette Binoche spelar rolla som Re¬becca. Historia baserer seg på Poppe sine eigne røynsler som krigsfotograf på 80-talet.