{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=KLEjMAlP6A0 580 320}
Med kort forfilm:Ja vi elsker
Tysdag 27. januar kl 19.30
Regi: Hisham Zaman, (Norge 2006) 53 min.
Ei varm og humoristisk historie om den kurdiske flyktningen Renas som bur åleine, langt mot nord, og langt frå heimlandet. Snart skal han gifta seg med Fermesk, ei vakker jente frå god famillie som skal koma med fly frå Nord-Irak. Men når Fermesk endeleg kjem, liknar ho ikkje kvinna på fotografia; ho er heilt annleis enn han har førestelt seg. Heller ikkje han lever opp til førestellingane hennar om drøymemannen. Den første forelskings- rusen er over. Begge angrar. Men no har dei berre kvarandre, under same tak – i vinterlandet.