{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=RGH9ObKkkjA 450 320}
Regi: Michelangelo Frammartino (Italia 2010) 1t. 28 min.
Filmen utspelar seg i det sørlege Italia, i og rundt ein landsby som ikkje er innhenta av den moderne tida: ei stille bakevje som dyrkar merkelege lokale tradisjonar og lever i ro og mak. Skjønt kva veit vel me, anna enn det me dialoglaust får observere: Dyrkinga av det trivielle og enkle (med filosofisk abstraksjon) – gjetaren som bruker støv frå kyrkjegolvet som medisin, plukkar ein stein for å leggje på gryta med nyplukka sneglar, sneglane stikk av likevel, livet som nyfødt geit, ei furu som vert felt og reist att i landsbyfesten med mykje omstendeleg fiksing.
Blikket på landsbyen og landskapet rundt kan minne om naturfotografen eller antropologen sitt, berre noko meir kunstnerisk. Kanskje er det gjennom ein guddom sitt auge me studerar dette underlege vesle universet? -Eit univers der det meste både har funksjon og sjel.
Det heile er biletleggjort med vidd og ein underfundig visuell komikk. Poengterande komposisjonar og fotografisk tålmod let hendingar følgje sin eigen, indre og uføreseielege dramaturgi.
Ein nærast ubeskriveleg sekvens, filma med stasjonært kamera i ei tagning er filmens mest morosame og absurde augneblunk. Det involverar ein bil, ein påskeprosesjon, masse geiter og ein frekkas av ein hund.
Vinnar av prisen for Beste Film under Bergen Filmfestival 2010