Stabukker

{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=Q3RZhnQe_Tg 580 320}

Tysdag 04. oktober kl 19.30 

Regi: Grimur Hákonarson (Island 2014) 1 t. 32 min.                                           

Den nordiske folkesjela er lagt under lupa i denne forteljinga om dei islandske sauebøndene Gummi og Kiddi. Dei er brør og naboar, men har ikkje hatt kontakt på førti år anna enn via handskrivne lappar leverte av Kiddis sauehund. Så oppdagar Gummi at Kiddi sine sauer har symptom på den ekstremt smittefarlege skrapesjuka. Eit utbrot vil tvinga alle i dalen til å slakta sauene sine og leggja ned gardsdrifta. Kan dei to stabeisane unngå katastrofen – saman eller kvar for seg?

Det storslåtte og nådelause islandske landskapet spelar ei viktig rolle i filmen. Her er nok av tørr nordisk humor og snille sauer (utvalde etter omfattande saue-audition), men også eit alvor som slektar på Bent Hamers beste filmar. «STABUKKER» er ei forteljing om korleis det sterke overlevingsinstinktet hos mennesket kan bli eit tveegga sverd og eit trugsmål mot tradisjonelle levemåtar.