{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=Tw_q-vm3Ktg 580 320}
Tysdag 29. nov kl 19.30
Regi: Aslaug Holm (Norsk 2015) 1 t. 46 min.
I over åtte år har fotograf, regissør og mor Aslaug Holm filma dei to sønene sine, frå de var fem og åtte år, og til eldstemann avsluttar ungdomsskolen. Resultatet er ein unik film som alle kan kjenne seg igjen i.
«Brødre» skildrar forholdet mellom brørne Markus og Lukas i oppveksten deira på 2000-tallet. Historia strekkjer seg over åtte år, og utspelar seg i den reelle verda deira på Sagene, ved Akerselva i Oslo, og på Smøla, ved havet utanfor Kristiansund.
I sine beste augneblink, som den har mange av, er dokumentarfilmen «Brødre» ei nydeleg og poetisk skildring av norsk barndom.
Alle som har barn eller har vore barn, noko som skulle gjelda de fleste, vil kjenna igjen tankane, kjenslene og situasjonane som er fanga opp av regissør Aslaug Holms kameralinse.