{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=0qB8_Q9oTuw#t=52 580 320}
Dheepan
Tysdag 12. april kl 19.30
Regi: Jacques Audiard (Frankrike 2015) 1 t. 55 min.
DHEEPAN er ein ny film frå regissøren av dei kritikarroste «PROFETEN» og «RUST OG BEIN», og vann sjølvaste Gullpalmen under filmfestivalen i Cannes. Med passet til ein daud mann kjem ein medlem av den srilankiske geriljagruppa Tamiltigrane inn i Frankrike saman med ei kvinne og ei jente han knapt kjenner. Dei gjev seg ut for å vera ein familie, i ein av dei fattige forstadene til Paris. Kombinasjonen av Jacques Audiards intense, skittenrealistiske regi og imponerande innsats frå hovudrolleinnehavaren gjer dette til ein unikt original og djupt medrivande film om det hyperaktuelle temaet – å koma til Europa som flyktning.