Heart of a Dog

{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=v37BnyHefnY 580 320}

Tysdag 18. oktober kl 19.30 

Regi: Laurie Anderson (USA 2015) 1 t. 15 min.                                   

Ein treng ikkje vera hundeelskar for å bli fascinert av Laurie Anderson sitt personlege og hjartevarme filmessay om hennar avdøde, pote-malande, og pianospelande terrier Lolabelle. Forteljinga inneheld ein straum av refleksjonar rundt eksistensielle tema som kjærleik, draumer og tap, og ettervirkningane av terrorangrep. Filmen kan sjåast som eit lekent dikt, ein nydeleg komposisjon, eller eit vakkert kunstverk – noko midt i mellom draum og røyndom.