14. oktober kl 19.30
{youtube:http://www.youtube.com/watch?v=XxgjbxK1BXM 580 320}
Regi: Anna Odell (Svensk 2013) 1 t. 29 min.
Under ei gjenforeining for ungdomsskolen reiser Anna seg og fortel om korleis ho opplevde skoletida. Historia om ni år med mobbing og utestenging vekkjer først sympati, men når Anna fortset å konfrontera sine tidlegare klassekameratar, veks irritasjonen. Regissør og kunstnar Anna Odell blei ikkje invitert då skoleklassen hennar skulle feira 20 års-jubileet sitt. I filmen prøver ho å førestilla seg kva det var dei tidlegare medelevane frykta ville skje om ho hadde kome på festen.