Havet Brenner

{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=IHOafGB3poE 580 320}

Tysdag 07. mars kl 19.30 

Regi: Gianfranco Rosi (Italia 2016) 1 t. 49 min.

Den italienske øya Lampedusa er for mange flyktningar det første møtet med Europa. Dokumentaren syner korleis straumen av flyktningar verkar inn på det vetle samfunnet midt ute i Middelhavet. Me vert kjende med 12-åringen, legen og radioverten og kjem tett på mottaket i hamna. Kan kvardagen gå sin gang når havet kokar rundt dei? Ein visuelt slåande film som mellom anna har vunne Gullbjørnen i Berlin.