{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=84cSaJqtyD4 580 320}
Tysdag 10. jan. kl 19.30
Regi:Gabriel MASCARO (Brasil, Uruguay, Nederland, Spania 2015) 1 t. 01 min.
Den brasilianske filmen Neon Bull gir eit heitt, dirrande og stemningsfullt bilde av livet til ein omreisande gjeng cowboyar i Brasil.
Historia i filmen har ingen spesiell konflikt eller oppbygging til eit klimaks, men den har ei imponerande miljøskildring, der alt synest autentisk.
Ein får ei kjensle av å bli invitert inn i eit etablert og innarbeida mikrokosmos, der alt og alle har sin plass. Skuespelarane ser ut som de aldri har gjort anna enn å handtere okser og bu samen i trange kår. (Filmen har fått mange gode meldingar og terningkast 5 og 6 mange stader. )