Tysdag 21. november kl 19.30
{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=phWU8G94pk4 580 320}
Regi: Zaradasht Ahmed (Norge og Sverige 2016) 1 t. 46 min.
Vi er i Nord-Irak, i området kjend som «Dødens triangel». Vi møter sjukepleiaren og firebarnsfaren Nori Sharif nett når dei ameriaknskes styrkene trekk seg ut av landet. Men håpet om fred og gjenoppbygging vert snudd til ein ny og verre krig – ein som bryt alle tabu og der du ikkje kan skilje ven frå fiende. Det finns ingen trygge gøymestader. Korleis skal Nori og familien klare seg? Filmskapar Zaradasht Ahmed har følgd Nori og familien hans i over fem år. Gjennom møtet med Nori sitt kvardagsliv får vi eit nært og unikt innblikk i krigen sine konsekvensar. Vi får òg ei betre forståing av bakgrunnen til mange av dei som flyktar til Europa.