{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=zru-1DbbcsA 580 320}
The Grand Budapest Hotel
Tysdag 23. februar kl 19.30
Regi: Wes Anderson (USA 2014) 1 t. 39 min.
The Grand Budapest Hotel er rett og slett ein herleg film frå Wes Anderson, ein unik filmskapar med ein signatur som er lett å kjenna att. I filmen er livet ein fest, og døden ein leik, sjølv når bakteppet openbert er inspirert av eit mørkt kapittel av Europas historie. Ein sit kanskje ikkje att med djupare forståing for korkje fortid eller notid, ei heller med større innsikt i menneskeslekta, men filmen fortel ei god historie ved hjelp av eit rikt persongalleri i eit draumande univers. Denne filmen er skapt for å nytast godt bakoverlent, både i kropp og sjel.