{youtube:https://www.youtube.com/watch?v=PBsayhY2GrA 580 320}
Tysdag 04. april kl 19.30
Regi: Ruben Östlund (Svensk/ Norsk 2014) 1 t. 59 min.
Eit snøskred raser mot en familie på ein uteservering i Alpane. Ebba(Lisa Loven Kongsli) kaster seg over ungane, Tomas (Johannes Kuhnke) spring for å redde seg sjølv. Men når snøføyka legg seg, viser det seg at skredet har stoppa i tide. Når far kjem tilbake, let han som ingenting. Men når de får besøk av Tomas sin gamle skikompis Mats (Kristofer Hivju), blir dei konfrontert med det problematiske ved det som har skjedd. Östlund driv fram historia med stor truverde. Han let konflikten snika seg fram, utan bombastiske verkemiddel.